tirsdag 19. januar 2010
No er det klart for ÅRSMØTE i Student KRIK Tromsø. Dette er eit viktig møte der du kan sei di meining om drifta vidare og korleis du vil at KRIK skal vere.
Dette skjer på årsmøtet:
- Bildeshow frå KRIK i 2009
- Rekneskap, budsjett og årsmelding.
- VALG! Det skal velgast minst tre nye inn i styret.
- Kaker, frukt, kaffi +++ !
Oppfordrar alle som er med i KRIK (både du som er aktiv og litt mindre aktiv) til å møte opp:
Mandag 25.januar kl 19.30
2. etg på Normisjon i sentrum.
Årsmøtepapir blir sendt ut ved ein seinare anledning.
Vil du stille til valg eller har spørsmål om det å sitte i styret?
Styret står for den daglige drifta av lokallaget. Dvs organisere treningar og finne på sosiale arrangement (skihelg, sosialKRIK, aking, osv). Det er ikkje mykje arbeid. Styret hadde i 2009 5 møter.
Å sitte i styret er ei god erfaring å ta med seg vidare og ein gjer ein god innsats for KRIK arbeidet!
Ta kontakt med Kjell Øystein: 47622918 om du har fleire spørsmål eller kan tenke deg å stille.
Publisert i Nyheter | Ingen kommentarer »